Nekta innsyn?

Send vedtaket til [ innsyn (at) sladda.info ] eller last opp vedtak

Retten til innsyn i offentleg informasjon er grunnleggande i eit demokrati. Den er difor nedfelt i grunnlova §100 og menneskerettane artikkel 10 samt i offentleglova eller nokre andre lover og forskrifter.

sladda.info hjelper med innsynskrav etter offentleglova og tilhøyrande forskrifter. Innsynskrav etter andre lover som forvaltningslova, kommunelova og miljøinformasjonslova kan vere aktuelle. Vi avgrensar oss til saker som på ulike måtar gjeld offentleg informasjon.

Tenesta rettar seg mot dei som følgjer med på konkrete saker og treng hjelp til å få innsyn i ulike typar dokument og offentleg informasjon. Det kan vere viktige saker i lokalpolitikken eller på nasjonalt nivå. Andre gonger har du konfliktar du treng å finne ut av, eller avklare om offentlege organ held tilbake informasjon som dokumenterer straffbare handlingar, lovbrot eller andre klanderverdige forhold. Kanskje er du kjelde for journalistar i ei konkret sak, men treng hjelp til å finne informasjon, før du går vidare med emnet du har kjennskap til? Vi kan også hjelpe journalistar, politikarar og andre. Men sladda.info er ikkje sjølv journalistar og handsamar difor ikkje informasjon om kjelder på vegne av journalistar.

Har eit offentleg organ nekta deg innsyn, vurderer vi vedtaket og klager for deg. Du har rett til å få dekka vesentlege kostnader som har vore naudsynte for å endre vedtaket til gunst for ein part, sjå forvaltningslova §36.

Eksempel

Sladdane har blitt tatt vekk i eit dokument etter klage til Statsforvaltaren. Det var mistanke om ei straffbar handling utført av ein tilsett i ein kommune. Vi fekk også innsyn i namnet fordi teieplikta er snevrare for namnet på ein offentleg tilsett medarbeidar, som utfører klanderverdige tenestehandlingar. Vi har likevel sladda namnet (rosa) av omsyn til den mistenkte som aldri har vore identifisert i media.

sladda.info er ei teneste eigd og levert av Bård Magnus. Han har god kjennskap til forvaltningsrett og innsynsretten frå mange innsynsaker i stat og kommune. Han har lang røynsle som byplanleggar og studerer også juss ved Universitetet i Oslo.