Bergens nye byråd vil skape ein open organisasjonskultur. Det gler meg. Fagnotata som etatane sender byrådsavdelingane, kjem framover på postjournalen. Det vil syne skiljet mellom kommunen sine faglege og politiske vurderingar betre. For då må fagfolka spisse sine faglege resonnement og utvikle tydelegare alternative løysingar. Det gir eit betre rom til å skape og utøve god politikk, der desse løysingane blir kopla på ulikt vis.
Bergen kommune kan heller ikkje nekte innsyn i viktige dokument i personalforvaltninga lenger. Det slo fylkesmannen nyleg fast. Til no har kvart tilsetjingsforhold vore underlagt teieplikt. Men den praksisen byggjer opp under favorisering i tilsetjingsprosessar. Tilbakehalden informasjon om kven som er tilsett på kva vilkår kombinert med venskap og kjennskap, eller rett og slett baksnakking i koseklubbar på avdelinga, bidrar berre til å halde fagkunna under pari. Det gir også eit stort handlingsrom for dei som vil grabbe til seg stillingar basert på misvisande informasjon og manipulering. Difor ventar eg at byrådet endrar praksisen med korleis kommunen journalfører dokument i personalsaker. Det faktum at borgarane må bestille innsyn i ugraderte dokument, gir ei kjensle av at du ikkje har lov til å sjå kommunen i korta. Det må det nye byrådet også gjere ende på.
Innlegget blei publisert i Bergens Tidende si papirutgåve den 15. mars 2016