Tilsettinga av ny kommune-toppsjef bør gjerast om

Bergen kommune har tilsett Trine Samuelsberg som ny kommunaldirektør i byrådsleiar si avdeling.

I januar måtte byråd Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø (Ap) gå av etter den såkalla Vigilo-saka. Skjerma opplysningar om ein borgar hadde kome på avvege som følgje av feil utført i administrasjonen under Samuelsberg si leiing. Viss byråden ikkje held kommunaldirektøren ansvarleg for tenestefeil, må byråden gå. Det er regelen i parlamentarismen.

I mai fekk Julie Andersland (V) og byrådspartia fleirtalet i bystyret si støtte til ein merknad i ei sak om offentlegheit og innsynspraksis:

«Bystyret viser til byrådsplattformen som fremhever at demokratiet er bærebjelken i lokalsamfunnet vårt. En god praktisering av offentlegheit og ivaretakelse av innsynsrett er en viktig forutsetning for et velfungerende demokrati. Bystyret ber byrådet om å prioritere høyt å gjennomføre anbefalingene til tiltak som framgår av revisjonsrapporten.»

Fleirtalsmerknad i sak 166/20 den 28 mai 2020

I to krav om dokumentinnsyn tok det meg 666 og 637 dagar å få innsyn i nokre tilsetjingsbrev og eit notat frå kommuneadvokaten i ei sak der kommunen var bøtelagt for brot på utlendingslova. Noverande kommunaldirektør Robert Rastad
hadde ansvar for begge sakene. Kommunen tapte klager hos Fylkesmannen.

Sjølv har eg mista trua på at Bergen kommune opptrer ærleg og ryddig. Kommunen tar omsyn til andre interesser enn dei som blir ytra i snirklete brev med feile lovreglar. Det er ting som ikkje har kome godt nok fram, som vil kunne påverke endeleg resultat i fleire saker.

Ei opa forvaltning saman med eit godt personvern utgjer to særs viktige grunnsteinar i demokratiet. Fram til no har Bergen kommune utøva eit særleg variabelt og fritt skjøn på kvar denne grensa går.

Denne svake praksisen hindrar enkeltmenneske i å samarbeide om å oppnå fridom, stole på kvarandre eller i det heile ta eigne initiativ. Slik mista dei som blei råka i Vigilo-saka, tilliten til skulen sin. Pandemien har også vist ein administrasjon
som riv rattet ut or hendene på dei valde politikarane så snart nokon ropar «krise!».

Byrådet si tilsetting av Samuelsberg må difor vere ei politisk erklæring frå byrådet om at personvern ikkje er så nøye.

Det er difor viktige emne når byrådet tilset nye kommunaldirektørar. Difor oppmodar eg byrådet til å lyse ut stillinga som kommunaldirektør i byrådsleiar si avdeling på ny.

Innlegget blei publisert i Bergens Tidende den 6. januar 2021.


Posted

in

by