Merknad til foreslått endring av offentleglova §14 om interne dokument

Vi viser til forslaget om å endre regelen i offentleglova §14 om journalføring av interne dokument, saksnr. 23/1743 den 31. mars 2023 – frist 5. juli 2023.

Sladda.info har blitt etablert som ei privat teneste for å hjelpe ulike aktørar med å klage på avslåtte innsynskrav, heimla i offentleglova, miljøinformasjonslova eller andre lover som regulerer retten til innsyn i offentleg informasjon. Initiativtakaren har lang røynsle med å hevde innsynsretten på ei rekke område. Denne konkrete endringa gjer det lettare å skjule informasjon med feile påstandar om at den utgjer interne drøftingar av ulike slag.

Dessutan vil endringa føre til fleire og større utbetalingar til erstatning av sakskostnader i klagesaker heimla i forvaltningslova §36. Det skuldast at innsynssaker no vil bli meir komplekse og krevje informasjon frå fleire kjelder, for å hevde innsynsretten i dei tilfella der dokument blir freista skjult som interne på feil grunnlag. Det er nett i dei sakene innsynsretten er viktig. Dei lovbrotta som ikkje tåler offentleg innsyn, skjer nett i skjæringspunktet mellom tilsette i forvaltninga og utanforståande aktørar, politikarar eller andre som veit å utnytte den tilsløringa som regelendringa opnar for.

Der det er tvil om kor vidt dokument rettsleg sett er interne, kan saksomslag og journalinnføringar hjelpe med å fastsette grensa for det konkrete dokumentet. Kodar som U/I/N/X/S skildrar dokumentet. Dei avgrensar interne dokument forvaltninga har ein legitim rett til å nekte innsyn, frå dokument motteke utanfrå. I mange tilfelle nyttar organa også kodane feil. For eksempel er det ikkje uvanleg å arkivere reelt utgåande dokument som skulle hatt kode U med kodar for interne dokument som X eller N både for å skjerme dei ulovleg og fordi statusen kan vere uklar fram til utsending. I klagesaker avdekker nærare undersøkingar av arkivkodar, feil arkiverte dokument.

Som plankonsulent og byplanleggar i offentlege stillingar, er det mi klarer røynsle at mange kommunar utøver ein ulovleg sørvis overfor private forslagsstillarar. Dokument mottatt frå private blir anten ikkje journalført eller handsama som interne dokument. Dei blir berre arkivert på e-post-kontoen til sakshandsamaren eller på interne fil-serverar, fram til saka blir ferdigstila og lagt fram for politisk handsaming. «Berre send dokumentet til min e-post, så blir det ikkje journalført før de er ferdig med planforslaget», uttalar kommunane sine sakshandsamarar ofte i møte eg deltar i. Utbyggjarar ønsker også ofte at kommunen gjer det på denne måten og kan oppmode om det både munnleg og skriftleg overfor plankonsulentar eller også direkte og skriftleg til kommunen sine medarbeidarar. Ofte har eg som plankonsulent måtte irettesette private og offentlege oppdragsgjevarar, samt kommunen sine sakshandsamarar og leiarar i slike situasjonar. Her er difor eit område som treng klarare reglar, som er innretta annleis enn dei endringane regjeringa føreslår.

Vurderingane av meirinnsyn, er også ofte mangelfulle og utført feil i innsynssakene vi klagar på. Vi vil difor ta til orde for ein klarare regel i §11 med ein ordlyd som liknar den i offentleglova §15 og §23 om at meirinnsyn berre kan nektast, dersom det er «påkravd» for å skjerme for eksempel interne drøftingar før ei sak blir lagd fram. Dermed vil rettsregelen ramme inn eit rettsskjøn, og ikkje eit fritt skjøn, slik som i dag. Ein slik regel vil styrke forvaltninga sin rett til å nekte innsyn i reelt interne dokument. Med ei slik endring vil regjeringa difor oppnå målet på ein langt enklare og meir elegant måte.

Tilnærminga i forslaget skaper i staden ei meir uklar grense og opnar difor for meir misleghald, korrupsjon og ulovleg samarbeid mellom forvaltninga og eksterne partar, skjult bak feile påstandar om at dokumenta er interne.

Merknaden blei sendt Justis- og beredskapsdepartement den 29. juni 2023. Regjeringa trekte seinare endringsforslaget. Sjå også Juristen om emnet.


Posted

in

by