Merknad til regulering av innsyn i havvindsøknader

Vi viser til forslaget om å endre offentlegforskrifta §9 samt ein ny regel i havenergilovforskrifta, saksnr. 23/1753 den 25. september 2023 med frist den 13. oktober 2023.

«Departementet antar likevel at taushetsbelagte opplysninger trolig vil utgjøre den vesentligste delen av dokumentene, eller at det vil være urimelig arbeidskrevende for departementet å skille ut den taushetsbelagte informasjonen.»

vår understreking, høyringsnotatet side 2

Sladda.info forstår i ordet «antar» at departementet på ingen måte har ei kvalifisert oppfatning av kvifor dei teiepliktige opplysningane vil utgjere «den vesentligste delen av dokumentene». Det er i beste fall ei rein gissing. Forvaltninga vil altså hindre ålmenta kontrollen, med tildeling av så vidt omfangsrike konsesjonar som havvind, med mangelfulle utgreiingar.

Vidare skriv departementet at arbeidet med å skilje ut denne informasjonen vil vere «urimelig arbeidskrevende». Dei som krev om innsyn, ønskjer å hegne om føremålet i offentleglova §1:

«Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.»

offentleglova §1

Å legge til redde for desse føremåla, krev arbeid. Kontrollen med rettstryggleiken til den einskilde, og tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta, skjer nettopp i det arbeidet der departementet på grunn av eit krav om innsyn, ser seg nøydd til å gå gjennom og skilje ut slike teiepliktige opplysningar. Då vil departementet nettopp kunne avdekke feil, ulovlege samarbeid eller andre lovbrott. Ved ikkje å gjennomføre dette arbeidet, er det stor fare for at konsesjonane blir tildelt feil aktørar eller at lovbrot blir utført og dekka til. Det kan skje gjennom ulovleg samarbeid med leiande politikarar som skal kjenne seg ugilde. Den feilen har vi sett i dei mange sakene knyta til fleire statsrådar denne sommaren, om tildeling av verv og posisjonar, handel med aksjar og anna uturvande framferd.

Forslaget til endra forskrift medfører difor stor auke i risikoen, for korrupsjon i samband med tildeling av havvind-konsesjonar. Ålmenta blir hindra å kontrollere, om tildelinga har skjedd på grunnlag av utdeling av utilbørlege eller andre klart urimelege fordelar, oppnådd gjennom skjulte avtalar mellom aktørar som søker konsesjon eller ulovlege avtalar med politisk eksponerte personar.

Forslaget til unntak frå partsinnsyn i havenergilovforskrifta, vil vi tvert i mot snu rundt på problemet. Der partane har reelle interesser i innsyn, i konkurrenten sine opplysningar, så er det nett for å avdekke misbruk av teiepliktige opplysningar i andre søknader, som kan ha blitt tileigna på ulovleg vis. Ein søkjar om konsesjon, kan gi ein utilbørleg fordel til ein medarbeidar hjå ein konkurrent for å dele informasjon før søknaden blir sendt. Regelen departementet foreslår, hindrar søkjarar å avdekke slike lovbrot utført av illojale medarbeidarar.

Samla sett bidrar departementet sitt forslag til endringar i dei to forskriftene, til auka risiko for korrupsjon knyta til desse konsesjonsrundane.

Dersom det er naudsynt med ein heimel, som vernar dei interessene departementet saknar ein heimel for, oppmodar vi regjeringa til å søkje fleirtal på Stortinget for ei endring av offentleglova §23 og avgrense endringa til å nekte innsyn i opplysningar som skadar det offentlege si interesse, for eksempel fram til konsesjon har blitt tildelt. Då vil offentleggjering av søknaden, uansett bli utsett for kontroll. Slik kan feil og lovbrot bli avdekka og ulovleg tildeling bli kjent ugyldig.

Utan eit slikt fleirtal, les vi endringsforslaget som eit eksempel frå den politiske leiinga, på å gjere seg sjølve rike, framfor å forvalte våre felles ressursar på ein ansvarleg måte.


Posted

in

by