Retten til innsyn i offentleg informasjon er grunnleggande i eit demokrati. Den er difor nedfelt i grunnlova §100 og menneskerettane artikkel 10 samt i offentleglova og nokre andre lover og forskrifter som kan ha relevans i ulike situasjonar.
Send vedtaket til [ innsyn (at) sladda.info ] eller last opp vedtaket her.
sladda.info hjelper med innsynskrav etter offentleglova og tilhøyrande forskrifter. Innsynskrav etter andre lover som forvaltningslova, kommunelova og miljøinformasjonslova kan vere aktuelle. Vi avgrensar oss til saker som på ulike måtar gjeld offentleg informasjon i offentlege forvaltningsorgan eller organ klart omfatta av offentleglova.
sladda.info er ei teneste eigd og levert av Badr AS. Initiativtakar Bård Magnus har lang røynsle som byplanleggar. I den samanheng har han god kjennskap til forvaltningsrett og hjelper andre med innsynsretten. Bård Magnus har stått bak mange innsynsaker i stat og kommune.
Tenesta rettar seg mot dei som følgjer med på konkrete saker og treng hjelp til å få innsyn i ulike typar dokument og offentleg informasjon. Det kan vere viktige saker i lokalpolitikken eller på nasjonalt nivå. Andre gonger har du konfliktar du treng å finne ut av, eller avklare om offentlege organ held tilbake informasjon som dokumenterer straffbare handlingar, lovbrot eller andre klanderverdige forhold. Kanskje er du kjelde for journalistar i ei konkret sak, men treng hjelp til å finne informasjon, før du går vidare med emnet du har kjennskap til? Vi kan også hjelpe journalistar, politikarar og andre. Men sladda.info er ikkje sjølv journalistar og handsamar difor ikkje informasjon om kjelder på vegne av journalistar.
Har eit offentleg organ nekta deg innsyn, vurderer vi vedtaket og gir raskt svar på om det kan lønne seg å klage. Sender vi ein klage, betaler du for det. Du har rett til å få dekka vesentlege kostnader som har vore naudsynte for å endre vedtaket til gunst for ein part, sjå forvaltningslova §36.