Nina Riibe føreslår å presentere søkjarar sin relevante kompetanse, framfor namn, alder og bustad. Det elles gode forslaget, tryggjar ikkje borgarane sin rett til kontroll.
Heile 85 % av toppleiarane, som også er medlem i Econa, seier offentlege søkjarlister gjer stillingar i det offentlege, mindre attraktive. Desse leiarane føretrekk openbert å bli rekruttert via uformelle kanalar, vener og kjennskap, heller enn gjennom faglege kvalifikasjonar. Her talar Riibe med kløyvd tunge.
Der ho samanliknar jobbsøkarprosessen, med entreprenørar som legg inn tilbod på eit oppdrag, treff ho derimot blink. Konkret skal offentlege organ, setje opp søkjarlister «snarast» etter at søknadsfristen har gått ut. Ved offentlege innkjøp, blir du nekta innsyn i «tilbod og protokoll (…) til valet av leverandør er gjort».
Vi stør forslaget om å offentleggjere kvalifikasjonane, framfor namna til søkjarane. Då vil det offentlege ordskiftet, handle om kva kvalifikasjonar organa kan velje mellom.
For eksempel kan kvalifikasjonane bli publisert innan ti dagar etter søknadsfristen går ut. Vidare føreslår vi ei karenstid, slik som ved offentlege innkjøp, på ti dagar frå tilsetjingsvedtaket til avtale kan sluttast. Det gir tapande søkjarar tid, til å utforde tilsetjinga rettsleg. Media kan i det same tidsrommet, kunngjere kritisk informasjon, om tilsetjingsprosessen eller den som har blitt tilsett.
Mange arbeider i offentlege leiarstillingar i lange periodar. Det er difor viktig at borgarane får høve til å kontrollere feile tilsetjingar. For dei kan påføre samfunnet langvarig skade.