Partar: Sladda.info er levert av Bård Magnus Fauske org.nr. 924197021, e-post innsyn (at) sladda.info. Kjøpar er anten firma eller forbrukar som gjennomfører eller står ansvarleg for betaling av tenesta. Med ansvarleg blir her sikta til firma eller organisasjon som dekker inn utlegg gjort av privatperson. Tenesta er prisa inkludert mva sidan den blir levert til både privatpersonar og næringsdrivande.
Betaling skal skje før tenesta blir levert og kan skje til Vipps 751506. Faktura kan bli avtalt særskilt for firma eller organisasjonar, og skal vere betalt før tenesta blir levert. Avtalen er bindande ved betaling.
Levering: Krav om innsyn samt klagehandsaming skjer via e-post. Det kan bli utprøvd andre nettbaserte løysingar for levering av tenestene. Sladda.info hjelper med klagar til Sivilombodet, men tar enno ikkje saker for domstolane.
Abonnement: Du betaler for minst to månader med abonnement. Avtalen kan du endre eller sei opp seinast den 20. med verknad frå siste dag i månaden. Du kan også sende ein e-post til innsyn (at) sladda.info for oppsett og avslutning. Dersom Sladda.info fremjer fleire krav om innsyn eller klager enn maksimalt tal klagar pr. månad i abonnement, kjem prisen for eit einskild innsynskrav eller klage i tillegg.
Personvernerklæring: Vi handsamar personopplysningar som er naudsynt for å gjennomføre betalingar. Personopplysningar som namn og kontaktinfo til klagar vil bli delt med organet som har endra vedtaket, dersom sladda.info fremjar krav på vegne av klagaren om erstatning av sakskostnader heimla i forvaltningslova §36. Tilbakebetaling av tilkjente sakskostnader skjer frå sladda.info.
Personopplysningar eller anna kunnskap sladda.info blir kjent med frå dokument det blir gitt innsyn i, skal reknast som offentleg informasjon, med mindre «anna lovgiving eller retten til ein tredjeperson er til hinder for det», sjå offentleglova §7. Gode innsynssaker og avgjerder kan bli delt på nettsida til sladda.info eller i sosiale medie. Namn til klagaren blir ikkje delt med mindre anna er avtalt.
Reklamasjon og angrerett: Krav skal setjast fram skriftleg på e-post innan tre verkedagar. Angrerettlova gjeld for privatpersonar. Angreretten skal vere nytta før tenesta har blitt levert, for at tilbakebetaling skal skje. Tenesta er levert når krav om innsyn eller klage er sendt til det offentlege organet, klageinstans eller kunden for tilbakemelding.
Tvistar: Tvistar blir søkt løyst minneleg. For tvistar om betaling i domstolen, Sladda INFO sitt verneting nyttast med mindre anna er avtalt eller bestemt med heimel i tvistelova.
