Stikkord: Klage
-
Nekta innsyn?
Retten til innsyn i offentleg informasjon er grunnleggande i eit demokrati. Den er difor nedfelt i grunnlova §100 og menneskerettane artikkel 10 samt i offentleglova og nokre andre lover og forskrifter som kan ha relevans i ulike situasjonar. Send vedtaket til [ innsyn (at) sladda.info ] eller last opp vedtaket her. sladda.info hjelper med innsynskrav…
-
Tilsettinga av ny kommune-toppsjef bør gjerast om
Bergen kommune har tilsett Trine Samuelsberg som ny kommunaldirektør i byrådsleiar si avdeling. I januar måtte byråd Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø (Ap) gå av etter den såkalla Vigilo-saka. Skjerma opplysningar om ein borgar hadde kome på avvege som følgje av feil utført i administrasjonen under Samuelsberg si leiing. Viss byråden ikkje held kommunaldirektøren ansvarleg for…
-
Koseklubbar og baksnakking
Bergens nye byråd vil skape ein open organisasjonskultur. Det gler meg. Fagnotata som etatane sender byrådsavdelingane, kjem framover på postjournalen. Det vil syne skiljet mellom kommunen sine faglege og politiske vurderingar betre. For då må fagfolka spisse sine faglege resonnement og utvikle tydelegare alternative løysingar. Det gir eit betre rom til å skape og utøve…